Christina Tønset frå Røros hadde berre vore trainee i Sparebanken Sogn og Fjordane i to månadar, før ho presenterte arbeidet sitt for heile konsernleiinga.

– Det var sjølvsagt skummelt, men det var også artig å få kjenne litt på presset av å måtte prestere. Det er kanskje den største skilnaden på å vere her framfor i ei bedrift i ein storby. Ein får prøvd seg tidleg, og ein blir høyrd, seier Rørosingen.

God start i arbeidslivet

Då Christina skulle søke jobb etter ferdig utdanning, gjekk ho inn på framtidsfylket.no for å leite etter ledige stillingar i eit fylke ho hadde lite kjennskap til.

– Bransjeval var litt tilfeldig, men målet var å finne ein jobb innan innovasjon og forretningsutvikling.

Og det fann ho. Sparebanken Sogn og Fjordane søkte etter ein trainee som skulle jobbe med nettopp dette feltet. Tønset syntest stillinga verka spennande, og nokre månadar seinare var ho på plass i flotte banklokale midt i Førde sentrum.

– Det å vere trainee gir ein god start i arbeidslivet. Ein får varierte arbeidsoppgåver, og får i stor grad påverke sin eigen arbeidskvardag.

1000 søkjarar

Framtidsfylket Trainee er Norges største regionale traineeprogram. Det vart starta i 2004 med fire bedrifter som saman ville satse på ein langsiktig rekrutteringsstrategi til Sogn og Fjordane. I 2018 søkjer 22 bedrifter om 30 traineear til Sogn og Fjordane.

– Traineeordninga er ein døropnar til den aha-opplevinga næringslivet i Sogn og Fjordane er. Dei siste åra har Framtidsfylket fått inn over 1000 søknadar til traineestillingane, seier Linda Hovland, dagleg leiar i Framtidsfylket.

Heile 75 prosent av søkjarane kjem frå andre fylker, og samtlege sit på enten bachelor eller mastergrad. Stillingane vert skreddarsydd til kvar einskild trainee, og til no har over 180 vore gjennom programmet.

– Traineeordninga trekker til seg kandidatar med høg kompetanse, gir god integrering og auka tilflytting til Sogn og Fjordane, seier Hovland.

 


Stakar ut kursen: Christina Tønset og Jon Olav Aurdal er tilsett som traineear og forretningsutviklarar i Sogn og Fjordane.
Foto: Kristine Folla


 

Får bli med på utviklinga

Fire av årets traineebedrifter brukar traineear som forretningsutviklararar. Jon Olav Aurdal er trainee i Sødermann AS på Eid. Med ei mastergrad innan økonomisk styring og finansiell økonomi skal han vere med å stake kursen vidare. 

– Dette er ei ung bedrift under utvikling. Her får ein tidleg ansvar og bli med på alt. Ein blir ikkje sett til rutinebaserte oppgåver, men får bli med på sjølve utviklinga, seier Aurdal.

Sødermann er eit programvare-, analyse- og rådgivningsselskap som yter tenestar mot kommunal sektor. Bedrifta blei starta i 2013, og dagleg leiar Hilde Langtangen ser det som heilt naturleg å tilsetje traineear som bedriftsutviklarar.

– Dei kjem rett frå skulebenken, dei er oppdaterte på det siste og er svoltne på å lære. Vår erfaring er at dei jobbar hardt og er produktive. Det må vi som bedrift berre utnytte. Hos oss er det ikkje erfaringar det kjem an på, det er alt rundt, stadfestar ho.

Ho fortel om viktigheita av at traineane får prøvd seg på forskjellige arbeidsoppgåver.

– Målet med ein trainee er jo at personen skal få lov til å få eit breitt innblikk i bedrifta. Bli med på styremøter og presentere analyser ein sjølv har jobba med. Hos oss er kvardagen svært variert og det er ofte høg fart.

Den teknologiske utviklinga har aldri gått så fort som no, men vil heller aldri gå så langsomt som no. Slik er pulsen i dagens næringsliv, og her utmerkar mange av bedriftene i Sogn og Fjordane seg positivt.

– Våre fortrinn er at vi er små, handlekraftige og har kjapp gjennomføringsevne. Vår erfaring er at ein når ein leverer kvalitet, så blir ein sett, får tidleg ansvar og ein bratt karrierestige. Og det er nettopp dette som gjer det så attraktivt å vere trainee i Sogn og Fjordane, seier Hovland.