Teknologiinteressert?

Det som gjer industrien ekstra spennande for deg som er ung, er all den nye teknologien som blir tatt i bruk. Industrien i Norge har høge lønningar, og vi må derfor vere smartare og meir effektive enn andre land. Dette er godt nytt for deg som er ung og teknologiinteressert, for du kan hjelpe oss å ta i bruk ny teknologi som robotar, 3d-printer og VR-briller i produksjonen. Vi ser og at dei som er interesserte i gaming finner seg godt til rette i eit slikt teknologimiljø. Eksempel på fagbrev: Automatisering, industrimekanikar, CNC-fag.

Miljøbevisst?

Heldigvis er norsk industri verdens mest miljøvenlege. Vi bruker rein vasskraft i produksjonen, og vi må produserer smart og effektivt for å vere konkurransedyktige. Då må vi bruke minst mogleg material og energi når vi skal produsere eit produkt. I tillegg jobba industrien no med å utvikle ny teknologi som kan fange CO2, og lagre den. Ein slik teknologi vil vere ein nøkkel for å nå klimamåla Norge har satt seg. Men også her treng vi fleire kreative unge som kan hjelpe oss å utvikle teknologien! Eksempel på fagbrev: kjemi/prosessfag, produksjonsteknikk.


Kjetil Tvedt er fagsjef kompetanse og bransjesjef NRV i Norsk Industri


Praktisk anlagt?

Praktiske ferdigheter har blitt mangelvare, både i samfunnet og i industrien. I industrien har vi derfor fokus på både teknologi og praktiske ferdigheter. I Norge har vi verdens høgaste industriarbeidarløn. Det kan vi ha fordi fagarbeidarane i Norge har oppgåver som ingeniørar utfører i andre land. Her får du jobbe sjølvstendig og får mykje ansvar! Eksempel på fagbrev: sveiser, industrimontør

Industrien i Norge

Det er industribedrifter i alle kommunar i Norge. Kanskje kjenner du nokon som jobbar i industrien? Då bør du ta ein sjekke kva dei synes om arbeidsplassen sin. Sannsynlegvis har dei det bra – for dei fleste blir verande lenge, held seg friske og tener godt. Om du synes dette verkar interessant kan du lese meir om industrifaga på www.velgtip.no. Lykke til!