Både brørne og faren til Sony Kjellstadli er sjømenn, så det er kanskje ikkje så merkeleg at han alltid har drøymt om ein karriere på sjøen. No er han i ferd med å verkeleggjera draumen.
Om bord på Fjord1-ferja MF «Moldefjord», som trafikkerer sambandet mellom Halsa på Nordmøre og Kanestraum i Trøndelag, treffer vi matroslærlingen Sony Kjellstadli (19) og mentoren hans om bord, kaptein Arne Daniel Sunde.
Ein av grunnane til at Sony valde å satsa på ein karriere hjå Fjord1, er rett og slett at han er sosial og liker å snakka med folk, ikkje minst med turistar, men no er det jo ikkje det arbeidsdagane først og fremst handlar om.
– Dei fleste som reiser med ferje, møter på dekksmannskapet når vi dirigerer bilar av og på ferja. Elles jobbar vi jo mykje med vedlikehald, og eg kjenner eg òg lærer mykje som òg trengst utanfor jobben, fortel han.
Gevinst for både lærling og reiarlag
Kaptein Sunde fortel at dei har hatt lærlingar om bord sidan 2010, då MF «Moldefjord» var heilt ny.
– Her har vi i alle år hatt både dekks- og maskinlærlingar, og vi synest det er veldig kjekt å både bidra til å læra opp og å rekruttera nye kollegaer, så dei blir kjende med sjømannsyrket. «Moldefjord» er ei ferje på 123 meter, så her trengst det mykje vedlikehald, og vi er heilt avhengige av arbeidskrafta, samtidig som dei lærer faget. Det tener alle på, meiner han.
Med to brør og ein far som jobbar på sjøen, har ei framtid som sjømann alltid stått høgt på ønskjelista for Sony.

Arne Daniel Sunde, kaptein på Fjord1-ferja MF «Moldefjord».

Sony Kjellstadli, matroslærling på Fjord1-ferja MF «Moldefjord».
– For meg har det eigentleg ikkje vore nokon andre alternativ, og så langt har eg likt meg veldig godt om bord, og har så absolutt tenkt å jobba vidare med ein karriere til sjøs. Etter dette har eg veldig lyst til å prøva meg på styrmannsutdanninga, og så får vi sjå korleis det går. Nettopp med tanke på dei planane er det jo veldig godt å ha Arne som mentor. Ved sida av det andre arbeidet om bord får eg òg prøvd meg på brua, og det har verkeleg gitt meirsmak, fastslår han.
Vil du bli ein del av eit leiande selskap innan maritim transport? Les meir på fjord1.no
Matrosar er svært etterspurde
– Her får lærlingane prøvd seg på alt, frå å leggja frå kai, segla og manøvrera, inkludert handtering av alt me har av utstyr, så her er det ingen avgrensingar. Me har også lærlingar i catering, i maskin og på dekk, og dei er veldig fleksible alle saman, legg kaptein Sunde til, og fortset:
– Det er jo det vi har behov for, samtidig som det er det lærlingane lærer mest av. Å få tak i dyktige matrosar er vanskeleg på dagens jobbmarknad. Det er ikkje berre å gå ut i gata og rekruttera, for det trengst mykje kursing og fartstid som lettmatros eller lærling. Utan blir du nemleg aldri matros.
Læretida inngår som del av eit vidaregåande opplæringsløp, som inkluderer å slita skulebenken på ein maritim vidaregåande skule.
– Då gjeld det sjølvsagt å ha gode nok karakterar til at du blir vald ut som lærling, og å søkja læreplass på eit fartøy du kunne tenkja deg å få læreplass på. Der er heldigvis opplæringskontoret til god hjelp, som er veldig flinke til å finna gode plassar for oss, skryter Sony.
– Er det heilt til slutt noko du vil seia om arbeidsmiljøet om bord?
– Opplevinga mi er at heile mannskapet har det veldig artig, og tonen er prega av mykje humor. Mannskapet er veldig koseleg, så eg ville ikkje nøla eitt sekund med å tilrå andre til å prøva seg som lærling på ei ferje hjå Fjord1, avsluttar Sony.
Vil du bli ein del av eit leiande selskap innan maritim transport?
Fjord1 tilbyr spennande karrieremoglegheiter både til sjøs og på land. Vi søker deg med drive og kompetanse innan ulike fagområder – bli med og form framtida saman med oss!