Home » Karrieremuligheter » Kickstart karriera di som trainee
Sponset

For ein nyutdanna er ei traineestilling sjølve gullbilletten inn i arbeidslivet. Marita Vindedal og Julia Vangsnes Gomez angrar ikkje på at dei takka ja til Sogn og Fjordane, karriere og kvilepuls.

— Eg opplever Sogn og Fjordane som eit framoverlent fylke. Det er mange spennande, innovative verksemder her, og dei har ein tendens til å tiltrekke seg flinke folk. For min del har det vore avgjerande å ha andre trainear i nettverket mitt, då det er ein ukomplisert måte å få seg venner på, seier Marita Vindedal, som har budd fleire år i Bergen.

Vindedal og Julia Vangsnes Gomez har begge vore trainee i teknologibedrifta Highsoft i Vik, og fekk tilbod om fast jobb før traineeåret var omme.

Unik erfaring og opplevingar

Vindedal er utdanna dataingeniør og tilsett som webutviklar, medan Gomez har utdanning innan leiing- og medisin, og jobbar med HR og sal.

– Det skumlaste var å tre rett inn i ei bedrift der du ikkje kjenner nokon, og å finne sin plass både jobbmessig og sosialt, seier Vindedal om den første tida som trainee.

– Og så vil du gjerne prestere frå dag éin, legg Gomez til.

Begge kjente seg velkomne frå første dag, og opplevde at dei nye kollegaene var oppriktig interesserte i kven dei var og korleis dei kunne få ein god start i arbeidslivet.

Dei angrar med andre ord ikkje på at dei søkte traineestilling gjennom Framtidsfylket.

– Eg har lært utruleg mykje, både fagleg, praktisk og om samarbeid. Personleg har eg nok lært meg å slappe meir av og blitt betre på å skilje jobb og fritid. Kvilepulsen dukka opp i Sogn og Fjordane, seier Vindedal.

Enorm interesse

Dei siste åra har interessa for traineeprogrammet eksplodert. Vindedal og Gomez håpar mange nyttar sjansen til å få ein heilt spesiell start på sine karrierer.

– Å vere trainee er ein fantastisk inngang til arbeidslivet. Ein får ein spennande jobb, god oppfølging og eit fantastisk nettverk. Kort oppsummert – lærerikt, utfordrande og veldig gøy. Vi kan anbefale det på det sterkaste, slår begge fast.

Det grøne skiftet

I fjor var det over 650 håpefulle som søkte på dei 33 stillingane som var utlyst. Det er tal dagleg leiar i Framtidsfylket, Linda Hovland, er svært fornøgd med.

— Det er svært gledeleg å sjå at så mange ønskjer å bli trainee gjennom Framtidsfylket. Vi har eit godt program med fokus på personleg og fagleg utvikling, og traineane blir godt ivaretatt. Det at vi har mange spennande og innovative bedrifter med i programmet er sjølvsagt viktig, seier Hovland.

Norec (Fredskorpset), Vestlandsforskning, Coast Seafood og Fjord 1 var blant dei bedriftene som fekk flest søkjarar.

– Eit tydeleg teikn er at bedriftene som set verdiane rundt det grøne skiftet og er opptatt av klimaspørsmåla og internasjonalisering er attraktive arbeidsgjevarar. Vi ser at dette opptek fleire av søkarane, seier ho.

Nytt kapittel

Frå neste år vert Sogn og Fjordane og Hordaland slått saman til Vestland. Då viskar vi ut gamle fylkesgrenser og opnar dører for fleire spennande bedrifter i traineeprogrammet.

— Utvikling er kjekt, og vi gler oss til å samarbeide med allereie eksisterande traineeprogram i Hordaland, seier Hovland.

Ho legg likevel vekt på at suksessprogrammet til Framtidsfylket vert uendra, men ein legg opp til felles samlingar og erfaringsutveksling på tvers av fleire traineeprogram.

— I vår del av fylket vil du som trainee med kompetanse innan IT, sal, bygg, markandsføring og liknande, få arbeide i verdsleiande bedrifter som Fjord 1, BKK, Tibber, Evoy, Coast og fleire organisasjonar i eit fylke som heile verda ønskjer å reise til, seier ein stolt dagleg leiar.

Bratt karrierestige

1.desember kvart år lyser Framtidsfylket ut årets traineestillingar. Verksemder på tvers av geografi og bransje går saman om å gje nyutdanna den beste starten på karrieren gjennom skreddarsydde stillingar og personleg oppfølging.

– I distriktsvestland er det mange små og mellomstore bedrifter. Arbeidet som ein gjer blir derfor synleg og høgt verdsatt. Som trainee får ein opplæring i fleire ledd i bedrifta ein er tilsett i, med mål om å lære mest mogleg. Bedriftene er glade for å få ein lærevillig og nysgjerrig person som ofte kjem rett frå skulebenken. Ein blir derfor raskt ein nyttig ressurs for bedrifta, seier Hovland.

Ein unik sjanse

Traineane vert tilsett for eitt år. I løpet av året er det fem traineesamlingar i ulike delar av distriktsvestland. Bedriftsbesøk, eigenutvikling, kompetanseheving og nettverksbygging står sentralt i programmet, i tillegg til friluftsliv og teambuilding. Vi reiser også på studietur til Brussel på våren.

Totalt har over 230 traineear vore gjennom programmet sidan oppstarten i 2004. Av fleire tusen søknader er det berre nokre få som får sjansen til eit år som trainee.

Som Framtidsfylket trainee får du

– Ein spennande jobb med eit nettverk av kompetansebedrifter
– Fagleg og personleg utvikling
– Innsyn i eit variert næringsliv få kjenner til
– Unik arbeidserfaring
– Fire traineesamlingar og ein utanlandstur
– Moglegheit for fast tilsetting
– Gull på CV-en
– Venner for livet

Lansering av traineestillingar 1. desember

Søknadsfrist 1. mars
Traineeåret går frå august til august

Sjekk ut framtidsfylket.no

  • Registrere CV-en din og la arbeidsgjevar finne deg
  • Finn ledige jobbar
  • Finn relevante sommarjobbar og deltidsstillingar
  • Les meir om Framtidsfylket trainee
  • Les om Framtidsfylket Karrieremesse
  • Les gode historier om bedrifter og folk i Sogn og Fjordane
  • Kontakt oss

Vi er på Facebook og Instagram. Følg oss gjerne!

Neste artikkel