Home » Fremtidens arbeidsplass » Forsking viser: Tre ting som hjelper på framtidas heimekontor
hjemmekontor

Forsking viser: Tre ting som hjelper på framtidas heimekontor

Foto: Unsplash

Arbeidsplassar som har lykkast med heimekontor har gjort spesielt tre ting riktig. Men forsking tyder på at det er lurt å vere forsiktig.

Då om lag halvparten av arbeidsstokken vart tvunge til å arbeide på heimekontor i 2020, vart den raske omstillinga sett på som ein suksess. Dei nye erfaringane med heimekontor vart tidleg snakka om som ein viktig del av framtidas arbeidskvardag. Etter kvart har fleire skeptiske stemmer kome på bana.

– Biletet er meir nyansert enn euforien i starten av pandemien. Men vi skal ta med oss det fantastiske vi fekk til i den perioden, seier Jan Olav Christensen, forskar ved Statens arbeidsmiljøinstitutt (STAMI).

Jan Olav Christensen

Forsker ved STAMI

Tre ting som virkar

I 2020 samla STAMI all tilgjengeleg kunnskap om fjernarbeid knytt til helse og arbeidsmiljø. Feltet er lite studert, men enkelte funn er det viktig å ha med når vi snakkar om framtidas arbeidsliv.

Arbeid på heimekontor gir utfordringar for balansen mellom jobb og privatliv. Dette er assosiert med psykiske og fysiske helseplager, lavare produktivitet, og fråfall dersom det går for langt.

Kunnskapsoppsummeringa viser også at dei som lykkast med bruken av fjernarbeid, har gjort tre ting:

  1. Arbeide heime når ein har oppgåver som krev konsentrasjon, og som ikkje treng samhandling.
  2. Ikkje for stor mengde av heimekontor, men for det meste vere til stades på arbeidsplassen.
  3. Det er frivillig å arbeide heime, men det skal også vere plass til å arbeide på kontoret kvar dag.

Skilnad på nye og erfarne

I 2020 var alle på heimekontor samtidig. Men det blir meir komplekst i ein normalsituasjon når nokon er på kontoret og andre arbeider heime. Her tyder studiane på at det er lurt å vere forsiktig.

– Eldre og erfarne viser seg å like godt å arbeide på heimekontor. Mens yngre, og spesielt nytilsette, opplevde å vere mindre effektive på heimekontor. Det var mellom anna fordi dei ikkje hadde kontakt med dei erfarne, som sat heime og var glade for å ikkje bli forstyrra. Dette kan påverke både kompetanseoverføring, utvikling og produktivitet, seier STAMI-forskar Morten Birkeland Nielsen.

Han viser til undersøkingar der eit godt arbeidsmiljø er ein av dei viktigaste faktorane for unge som skal velje jobb. Ein viktig del av det handlar om å sosialisere og lære av eldre kollegar.

– Mange vaksne har lett for å gløyme at dei må lære opp neste generasjon, og at dei må overføre kulturen på jobben. Då treng ein sosiale arenaer, og dette kan bli utfordra med bruk av heimekontor, seier han.

Individ og kollektiv

Individuelt har mange hatt gode erfaringar med å styre heimekontor og fjernarbeid sjølv. Men i følgje studiane utfordrar individperspektivet det som er best for arbeidsmiljøet, produktiviteten og lønnsemda til ein organisasjon.

– Arbeidsmiljø handlar om å organisere, planlegge og gjennomføre arbeidet på måtar som gir god arbeidsflyt, meir motivasjon og mindre sjukefråvær. Eit godt arbeidsmiljø gir også betre føresetnadar for høgare produktivitet, seier Christensen.

Konkurransefortrinn

Autonomi er bra for arbeidstakaren. Det norske arbeidslivet har høgare autonomi enn dei fleste andre land, og har tradisjon for å involvere dei tilsette i å definere innhaldet i arbeidet, i følgje Christensen.

– Det gir større produktivitet, og dette er eit stort konkurransefortrinn som det norske arbeidslivet bør ha med seg, også gjennom nye endringar i arbeidslivet, seier han.

Vi har ikkje forsking som seier når det blir for mykje autonomi, slik at det bikkar over i kaos. Men det er naturleg å vere merksam på at det er mogleg å nå dette punktet med mykje bruk av fjernarbeid i ein organisasjon.

Visjonen til STAMI er at norsk arbeidsliv skal være i stand til å forebygge sykdom, fremme god helse og skape verdier gjennom å utvikle bærekraftige arbeidsmiljøer.

Les mer på stami.no

Neste artikkel